Siri Hallaren

Alder: 48 år

Sivil status: Skilt, tre barn

Utdanning: Cand.pharm. frå UiO

Arbeidsstad: Sjølvstendig næringsdrivande

Framtidas legemiddel: Målretta kreftterapi for alle kreftformer.

Fagleg forbilde: Ingen spesiell.

Kvifor eg ikkje er NFF-medlem: Ingen kommentar. Eg har vore medlem tidlegare.

Kvifor eg vart farmasøyt: Fordi eg var veldig glad i fag som kjemi og biologi og syntest utdanninga verka kjempespanande. Eg visste ikkje noko om farmasi då eg valde retning.

Aktuell som: Tek opp at frilanstilværet som oversetjar av medisinsk litteratur, deriblant patentsøknader.

— Eg hadde faktisk jobb i Patentstyret før eg var ferdig uteksaminert frå Universitetet i Oslo i 1991. Praksisen i apotek gav ikkje meirsmak med det same, eg ville fordjupe meg i faga, og det fekk eg i denne jobben. Hovudfaget mitt i organisk kjemi bidrog til å gjere meg attraktiv for stillinga hos Patentstyret, trur Siri Hallaren.

Tromsøkvinna er éin av svært få norske farmasøytar som har arbeidd med å behandle patentsøknader. I dag har Patentstyret to cand.pharm.ar hos seg. Då Hallaren jobba der, frå 1991 til 1998, var ho aleinefarmasøyt, men det plaga ho ikkje.

— Det er midt i blinken for ein farmasøyt å jobbe der! Min jobb var å behandle patentsøknader på nye legemiddelformuleringar. Eg fekk med andre ord god bruk for kunnskapen min om galenisk farmasi. Patentsøknader gjengir analyser av legemiddelet det vert søkt om, formulering, prosessen og prekliniske forsøk. Alt dette sjekka eg og vurderte, fortel ho.

— Eit stort arbeid. Heldigvis finst gode databaser for å sjekke kva produkt og forsking som finst på området frå før, for jobben min var jo å vurdere patenterbarheit. Eg måtte finne gode svar på spørsmål som «Er produktet nytt?» og «Skiljer det seg nok frå eksisterande teknologiar?»

— Eit stort ansvar. Til sjuande og sist var det jo mitt eige, personlege val å godkjenne eller avslå ein søknad.

— Det er berre éin person som går gjennom ein patentsøknad?

— Ja. Eg hadde ein rettleiar det første året, som sjekka alt eg gjorde, men etter det jobba eg på eiga hand.

— Avslo du søknader?

— Det skjedde, men ikkje ofte nok, seier ho.

— Patentsystemet er i ferd med å bli utvatna. I dag søkjer verksemdene på eit veldig breidt grunnlag, for å lage seg ein buffar. Eg såg det som min jobb å snevre inn kravet deira, slik at det vart rimeleg, reflekterer Hallaren i ettertid.

Éin gong, då ho var i ferd med å avslå søknaden til eit britisk selskap, fekk ho regelrett besøk på kontoret.

— Eg hadde gitt dei ei tilbakemelding om at det såg ut som om teknologien deira ikkje var patenterbar, og då troppa dei opp personleg med meir dokumentasjon for å overtyde meg. Dei kunne jo berre ha send det i posten!

— Klarte dei å overtyde deg, då?

— Ja, dei gjorde det, smiler Hallaren.

Etter sju år var det på tide å prøve noko nytt, og då det dukka opp ein jobb som bestyrar i eit filialapotek nærare heimstaden, slo ho til.

— Frå éin sjølvstendig jobb til ein annan?

— Det er meg, det. Eg bygde blant anna opp eit filialapotek på Flateby frå grunnen av, og det var morosamt! Dette var i dei dagar vi fekk bestemme heile sortimentet sjølv. No er apoteket kjøpt opp av ei kjede og fokuset ligg på profitt og eit fastlagt sortiment, seier ho.

Så, for åtte år sidan starta ho heilt for seg sjølv.

— Eg fekk indikasjonar på at det var behov for eksterne oversetjarar av patentsøknader, så eg tok ei ringerunde til dei patentkontora som tek seg av legemiddelpatentsøknader her i landet og fekk stadfesta at det stemte. Og at ein farmasøyt med kunnskap om organisk kjemi kunne vere interessant å hyre inn. Etter dette torde eg å seie opp jobben og satse.

— Eg hadde allereie oversatt ei dokumetarisk bok frå engelsk og visste at dettekunne eg. Elles ville eg aldri tort, legg ho til.

Med unntak av eit engasjement for Statens legemiddelverk i den verste finanskrisetida har ho heldt seg ved sin lest. Med suksess.

— Kva er ein god fagoversetjar for deg?

— Ein som er god i faget og god i norsk. Sjølv har eg alltid vore glad i norsk og oppteken av språk og informasjon. Farmasifaget og patentområdet kjenner eg også godt. Eg oversetjer frå engelsk og tysk, fortel ho.

— Kor omfattande er ein patentsøknad?

— Veldig varierande; frå 20 til 500 sider.

— Driv du med oversetjing av medisinsk litteratur om fem år frå no, trur du?

— Eg håpar det! Men kanskje med ein jobb ved sida av, og då helst noko heilt anna. Det er både tungt og einsamt å sitje framfor pc-en, fordjupa i språklege detaljar, heile dagen. Men du veit, med den breie farmasiutdanninga i botnen, finst mange moglegheiter! Det er berre å vere kreativ.

— Farmasøytar kan bli betre på å tenke annleis. Faggruppa er, i alle fall som studentar, veldig flinke og lydige. Lite kritiske. Vér pirkete der det er nødvendig, men ikkje elles! tenkjer eg.

— Eg meiner, på ein morfinstikkpille må vi vere nøyaktige. Men når det gjeld framstillinga av ein penicillinmikstur treng vi ikkje vere opptatt av nanogram, illustrerer ho.

— Vi må tenkje litt sjølv også.

 (Publisert i NFT nr. 9/2010 side 36–37.)