Erlend Aa

Alder: 29

Sivilstatus: Gift, to barn

Utdanning: Cand.pharm. frå UiT

Arbeidsstad: Sykehusapoteket i Trondheim

Favorittmedisin: Ingen. Eg prøvar å unngå legemiddel så godt eg kan.

Favorittfarmasøyt: Kona mi, sjølvsagt.

Kvifor eg er NFF-medlem: For meg var det heilt naturleg å organisere seg. Slike val kan nok handle om kor ein står politisk. Eg likar spesielt godt at NFF så tydeleg har vald to pilarar: den profesjonspolitiske og den meir klassiske, fagforeiningspolitiske. 

Kvifor eg vart farmasøyt: Utgangs­punktet var ei sterk interesse for skjeringspunktet mellom medisin og kjemi kopla med eit ønskje om å ta ei profesjonsutdanning. Dessutan var, og er, jobbutsiktene gode.

Allereie i studietida vart Erlend Aa verva til Norges Farmaceutiske Forening. På den tida, vi snakkar byrjinga av 2000-talet, var store endringar i emning i det norske utdanningssystemet for farmasøytar. Erlend deltok entusiastisk i debattane. I 2006, berre 27 år gamal, kom han inn i Sentralstyret som NFF-F-leiar, noko som gjer han til ein av dei yngste representantane sentralt i foreininga nokonsinne. Kometen har likevel ikkje ambisjonar om leiing i arbeidslivet. Han drøymer heller om å gjere karriere reint fagleg.

— Eg saknar moglegheita til å velje ein fagretta karriereveg utan å på same tid måtte verte leiar, seier han.
— Ofte har dette fenomenet med løn å gjere. Dessverre! For det er jo ikkje slik at alle som ønskjer å prioritere karrierebygging, er gode på eller motivert for å ta seg av oppgåver innan personal eller administrasjon, poengterer Erlend.
— Nokre ønskjer heilt enkelt å utvikle seg som fagpersonar.
— Intensjonen om å få til begge delar er der hos fleire arbeidsgjevarar, men eg ser sjeldan at den vert sett ut i livet. Ta til dømes sjukehus­apoteksektoren som eg jobbar innanfor. Dei fleste sjukehusapotek er i vekst. Likevel er eigarane forsiktige. Resultatet vert at vi heile tida ligg etter ­ressursmessig, og korleis skal ein kunne legge opp til ei drift som gir rom for fag­utvikling i eit slikt landskap?
— Mykje av jobben vi gjer som farmasøytar har ei tydeleg utgiftsside, medan inntektsdelen av virket vårt er meir skjult. Dessverre tek dei ansvarlege sjeldan ­steget attende for å få auge på heile biletet, som kan vere positivt. Dei ser seg heller blinde på eitt og eitt driftsbudsjett, og då vert konklusjonen galen, meiner Erlend.

Utfordringar han har sjansen til å på­verke som hovudtillitsvald. Og nettopp der ønskjer Erlend å setje inn støyten: ved å opprette ein god dialog mellom dei tilsette og arbeidsgjevar og slik påverke til ­konstruktive prosessar som vonleg fører til gode fellesløysingar som tek vare på både fagdelen av verksemda og økonomien.
— Tillits­valdgjerninga er ei samarbeidsoppgåve. Men for å få til ein reell dialog og eit konstruktivt samarbeid må dei tillitsvalde få frigitt tid. Arbeidsgjevar får på eit vis dei tillitsvalde han vil ha. Eg har inntil tjue prosent av arbeidstida mi frikjøpt til tillits­valdarbeid. Sjølv om eg aldri får tatt ut så mykje tid, bidrar dette til å skåne fritida mi. Det er viktig, særleg med tanke på rekruttering.

Det vanskelegaste Erlend opplever er naturleg nok stygge personalsaker.
— Her ligg også ei rekrutteringshindring. Mange er engstelege for å ta på seg tillitsverv fordi dei kan kome opp i nesten ­uløyselege personalsituasjonar. Særleg utsatt er dei såkalla plasstillitsvalde på små stader. Då er det lettare for oss på regionnivå å ta opp slike saker på vegne av dei lokale. Det bør vi gjere i større grad, meiner han.

Sjølv har Erlend ansvaret for seks.
— Det er frykteleg viktig at det finst tillits­valde på kvart enkelt apotek. Problem, ­særleg personalrelaterte, finst lokalt og må løysast lokalt. Då er det å ha folk ute som veit kor skoen trykker til stor hjelp.

Ein sko Erlend meiner trykkerpå sentralt nivå er organisasjonsgraden innanfor enkelte delar av fagfeltet.
— NFF er overrepresentert av tilsette i apotek, og det gjer sjølvsagt noko med ­profesjonspolitikken. No er det på tide at vi bryt den sirkelen og viser at vi er relevante for andre grupper også. Skal vi verte ein enda sterkare profesjonspolitisk aktør, treng vi fleire folk frå legemiddelindustrien og universiteta. Hent inn eldsjeler som kan blåse liv i desse seksjonane! oppfordrar han.
— Ei breidt samansett foreining er gull.
Mange utfordringar med andre ord. Men kva er det med traust foreiningsarbeid som tiltrekkjer ein ung farmasøyt?
— Idealisme er hovudmotivasjonen. Basalverdiar. Sans for rettvise og likskapsprinsipp. Eg synest det er viktig at nokon tek vare på arbeidstakarar som hamnar i uføre. Og eg trur på ingen måte at fag­foreininga som institusjon har utspelt si rolle. Tvert imot. Arbeidsgjevarar foreslår jo å kutte i rettane til arbeidstakarane ved kvart einaste lønsoppgjer!

(Publisert i NFT nr. 7–8/2008 side 26–27.)